Vidar Ødelien bygde i sin tid opp det som i dag heter Scandic Sunnfjord Hotell i Førde. Vidar ble 84 år gammel. Bildet er hentet fra veteranbåten M/S "Atløy.

Minneord for Vidar Ødelien

Den 29. november 2023 døydde Vidar Ødelien, mannen som bygde opp det som i dag heiter Scandic Sunnfjord Hotell i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Han vart 84 år gammal. Ei av dei kanskje mest spektakulære bragdene hans var å byggje opp eit hotell av høg nasjonal og internasjonal standard i ei bygd der det ikkje var lov å selje alkoholhaldige drikkevarer.

Vidar Ødelien vart tilsett i 1966 og tok til i arbeidet ved hotellet i 1967, eit halvt år før det vart opna den 1. mai 1968. Den då 29 år gamle direktøren var utdanna frå hotellfagskulen i Lausanne i Sveits. Med framifrå støtte frå kona Siri, som var tidlegare flyvertinne, tok Vidar Ødelien fat på den vanskelege oppgåva. Dei første fire driftsåra var brus den sterkaste drikken hotellet hadde lov å serv ere til dei lokale innbyggjarane sine.

få år greidde han, saman med styret og ein særs framsynt ordførar, å skape forståing for at skjenkjeløyve var ein føresetnad, for at eit slikt hotell som Sunnfjord Hotell, i ”Vekstsenteret Førde”, skulle kunne drive med overskot.

Vidar Ødelien gjekk offensivt til verks. Saman med kona starta dei si eiga ”Hotellrute” på kysten. Med innleigde skyssbåtar og bussar, fekk dei bygdafolk til å valfarta til festlege samkomer med mat, dans og underhaldning på Sunnfjord Hotell. I tillegg kom laksefiskarar i hopetal til hotellet for å fiske laks i Jølstra som renn ut i Førdefjorden midt i sentrum.

Den unge og lovande kunstnaren Oddvar Torsheim fekk sin eigen plass i restauranten på hotellet, i tillegg til at hotellet hadde kunsten hans på veggene. Det same galdt andre kunstnarar med bakgrunn frå Sogn og Fjordane, som til dømes Kjartan Slettemark, Gunnar S. Gundersen, Ludvig Eikaas og Johan Indrekvam. Hotellet vart fort eit levande kunstgalleri.

Samtidig kom storhendingar, der Vidar Ødelien også hadde ein finger med i spelet, som gjorde at Sunnfjord Hotell drog til seg folk som flugepapir. Frå tidleg morgon til seine kveld, i mange år, same kva tid du kom til Sunnfjord Hotell, kunne du vere sikker på at du, innan kort tid, ville møte den joviale direktøren og den vakre frua hans. Dei tok imot alle som kjære og velkomne gjester!

Kokkane frå hotellet tevla i verdstoppen som deltakarar med Det norske kokkelandslaget, tilsette hevda seg i toppsjiktet når det galdt tevlingar i hotell- og restaurantfag, og ungdomsrestauranten ”Josefine” vart umåteleg populær

Alt var på stell når det galdt Sunnfjord Hotell. Overskota gav grunnlag for ei rad med utbyggingar. Dei som stod bak hotellet i styre og stell sytte for at den statusen både hotellet og direktøren vann, var fullt fortent og rettferdig. Sunnfjord Hotell vart i seg sjølv ein attraksjon, og definerte Førde sin identitet på ein særs positiv måte.

I 1993/1994 utropte dåverande ordførar Aud Viken hotellet til ”Sunnfjords Diamant”.

Heile tida, fram til 2006 stod Vidar Ødelien som eit kraftsenter og ein bauta, last og brast med Sunnfjord Hotell. Han vart ein levande legende som hotellmann alt i si eiga levetid. Når vi no er ved vegs ende bøyer vi oss i djup vyrdnad og lyser fred over minnet til Vidar Ødelien.

 

Per Anders Storegjerde,  styreformann frå 1999 til dags dato

Henning Rivedal, forfattar av boka Sunnfjords diamant

Powered by Labrador CMS