Satsar som kulturhotell
Nordfjord Hotell på Nordfjordeid satsar på kultur, og operapakkar har vore ein suksess frå starten.
– Det var gjestane som begynte å kalle oss for kulturhotellet, og vi har vaksne oss inn i rolla, seier direktør Eli Førde Aarskog.
– Ein ny marknadsgjennomgang viser at kulturhotellet og operapakken er fyrtårn her i huset. Over hundre døgn i fjor hadde vi for lite rom, mange av dei er kopla til kulturarrangement.
– Å drive hotell i distrikts-Norge er vanskeleg. Ein må ha fleire fyrtårn og spisse seg mot ulike marknadar. Vi er eigentleg eit forretningshotell, og har også satsa på kultur og eit badehus. Når gjestar kjem hit opplever dei eit levande hus. For oss er det herleg å ha eit ballettensemble på besøk eine dagen, medan operasongarar og rockarar er her neste dag. Dagleglivet her på huset er spennande, fortel Aarskog.
STØTTESPELAR HEILE VEGEN
Når Nordfjord Hotell satsar som kulturhotell er samarbeidet med distriktsoperaen Opera Nordfjord ei viktig årsak. For få år sidan fekk også bygda det einaste operahuset utanfor Bjørvika.
– Då Opera Nordfjord ville etablere seg såg vi med ein gong at dette var noko å satse på, smiler Aarskog, som har vore operaen sin støttespelar heile vegen.
– Nordfjord Hotell skulle vere ein del av pakken, og sponsa inntil det hysteriske for å få operaen i gang. Hotellet vart produksjonsapparatet og solistane sin base, akkurat slik det er i dag 14 år etter. Dei føler dei kjem heim. Fleire har budd her i mange månadar, og her får dei gå i sokkelesten i korridoren. Målet vårt er at det skal vere så enkelt for dei som mogleg å bu her og delta i operaen. Å synge og spele førestilling er ei enorm energiutløysing. Då er det viktig at dei får påfyll utanfor opningstidene.
At hotellet stiller opp og yter maksimalt har vore ein del av suksessfaktorane til Opera Nordfjord.
– Hotellet var ei viktig brikke for å få operaen til. Om hotellet berre var eit vanleg forretningshotell ville ein fått ei heilt anna historie enn den suksessen operaen har vorte, meiner hotelldirektøren. Dei tre første åra til Opera Nordfjord var også Aarskog inspisient i operaen, på dugnad. Ho innrømmer at ho er ei kulturtuppe som har drive med kultur alltid.
UTSELD ÅR FOR ÅR
Nordfjord Hotell utarbeidde tidleg operapakken der ein legg til rette for tilreisande operagjestar. Dette har vore ein suksessfaktor frå starten, og er utseld år for år.
I ein operapakke får gjesten eit arrangement før førestilling i operahuset. Her høyrer luksussnittar og kvitvin med, og ein hotelldirektøren som sjølv fortel om operaførestillinga ein skal sjå etterpå.
– På førehand har eg gått i gangane i operaen og fått med meg kva som er spesielt for årets førestilling. Dette aukar verdien for opplevinga i salen, og gjestane set pris på om ein får litt sladder med på kjøpet, ler Aarskog. I operapakken ligg også transport mellom hotell og operaen. Etter operaførestilling får gjestane operabuffet på hotellet og overnatting.
– Her er det lokalmat med mykje hjort, fisk og skaldyr. Vi er godt kjende for dei populære buffeane våre.
SJØLVFORSTERKANDE
I år har Nordfjord Hotell reservert 740 billettar til Madam Butterfly i oktober.
– Operapakken er det einaste produktet etter 30 år som vi sel til rett pris, og det einaste produktet som sel seg sjølv utan marknadsføring. Operapakken er spesielt populær hos seniorane, mange i høg alder nyt det, og det er kjekt å ha noko for dei. Men det er ingen av operapakkegjestane som får bli her i to døgn, dei må gi plass til nye som står i kø, smiler ho. Operapakken har vore sjølvforsterkande i popularitet. Folk er tidleg ute for å sikre seg, og den er tidleg utseld.
– Vi har også hundrevis som et her før og etter operaførestillingane i oktober. Då går det unna med enorme mengder mat, smiler ho.
Nordfjord Hotell samarbeider tett både med Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord.
– Dei er våre strategiske partnarar. Vi møtes og diskuterer strategi, og ser kva ein kan lage pakkar ut av, enten det er opera, konsertar eller show. Vi må også sjå på tidspunkt for arrangement. Her er det vinn-vinn-situasjon for alle partar, og det ville vere idiotisk å ikkje samarbeide, forklarar direktøren.
