SJEKK INN:
Kan tilby rom fra tre ulike århundre
Møt direktøren på et av de virkelig tradisjonsrike hotellene.
Hvordan ser en vanlig dag ut for deg?
– Når folk spør meg om korleis ein vanleg dag ser ut for meg, smiler eg med ein gong. Ingen dag er lik, og det er jo det som gjer jobben min så spennande, fortel Hjelle Roset. Ho seier vidare at ho gler seg til å kome på jobb, og at ho likar veldig godt å starte dagen med ei runde og helse god morgon til både kollegaer og gjester. – Å dele smil og ein god prat er gull verdt, og ekstra kjekt er det å kunne skjenke kaffi til gjester som kosar seg med frukosten. Det fine med å vere leiar er å samarbeide om alt som skal skje, konseptet vårt, økonomien vår og korleis teamet skal prestere og skinne på jobb, seier ho. Hjelle Roset fortel at ho synest det er spennande å få fram det beste i kvar enkelt, og at ho er veldig glad i relasjonsleiing. – Så, når nokon spør meg om korleis ein vanleg dag ser ut for meg, tenkjer eg at det viktigaste ikkje er korleis eg har planlagt dagen, men korleis eg får andre til å føle seg gjennom heile han, legg ho til.
Hva liker du best med å jobbe på hotell?
– Det eg likar aller best med å jobbe på hotellet, er at eg får vere med på å fortelje den gode historia. Gloppen Hotell er ikkje berre ein overnattingsstad, det er ein plass med sjel og historie, fortel Hjelle Roset. Ho fortel vidare at dei er heldige som kan tilby rom frå tre ulike århundre, noko som gjer at gjestene kan oppleve ei unik reise i tid medan dei bur her. Gjennom uniformene deira formidlar dei eit glimt av kvardagslivet på den tida då hotellet heitte Sivertsens Hotell. – Utrykk og dressjakka er inspirert av engelske lakselordar med den gjenkjennelege tweedjakka. Slik får vi fram historia på ein levande og tilgjengeleg måte, ikkje berre som noko som står i ei bok, men som noko som vert levd kvar einaste dag, seier Hjelle Roset.
Hva er det beste med «ditt» hotell?
– Hotellet vårt er spesielt, ikkje berre fordi det har ei historie i veggane, men fordi vi gjer alt vi kan for at gjestene skal føle seg heime. Kanskje til og med ha det betre enn heime. Vi legg mykje stoltheit i ein varm velkomst, og vi framsnakkar smaksmenyen og frukosten vår, fortel Hjelle Roset. Ho seier at mykje av det dei serverer er heimelaga og kortreist. Mange liker å starte dagen med ferskt brød, heimelaga pålegg som syltetøy og sjokolade, og egg frå den lokale bonden. – Det er ei oppleving i seg sjølv, legg ho til.
Hva gjør du for at gjestene skal føle seg velkommen?
– Når du kjem inn døra til Gloppen Hotell, skal du verkeleg få den gode kjensla. Her ønskjer vi deg nemleg velkommen med eit glas lokal eplejuice frå Tystad Fruktgard servert i eit stetteglas, seier Hjelle Roset. Ho fortel at det er raud aroma frå ein eplehage på Sandane, berre eit steinkast unna hotellet. – Vi er så stolte og set så stor pris på dei lokale produsentane rundt oss at vi smiler dagen lang. Eg likar så godt dei fine møta der smil, augekontakt og den gode praten skaper dei magiske augneblikka, fortel Hjelle Roset. Ho seier at det er akkurat slike små detaljar som gjer at gjestene våre kjem tilbake. – Det er nettopp det som er draumen vår, at med ein gong du går ut døra på Gloppen Hotell, så har du mest lyst til å gå tilbake og vere eit døgn ekstra, seier ho.
Hva er det mest spesielle du har opplevd i jobben?
– Kvar dag gir gode minner, men eg trur nok at den dagen og tida etter at eg fekk tillit som hotelldirektør ved Gloppen Hotell har satt sterkast spor hos meg. Å få rosande ord frå både nære og andre rundt meg motiverer og inspirerer. Det vart mange gode klemmar i den perioden, og eg set ekstra pris på støtta i lokalmiljø, forteljar Hjelle Roset.
Hva er drømmejobben din?
– Dette er jo draumejobben min! Å få jobbe i eit miljø der historie, matopplevingar og menneske møtest, både inspirerer og motiverer, seier ho. Hjelle Roset fortel vidare at det er fint å vere ein del av Classic Norway Hotels. Å vere del av noko større betyr at dei skaper magiske augneblink frå Fevik i Sør til Lofoten i Nord.
– Og sjølvsagt her i Gloppen. Ta gjerne ein tur for ei finfin Gloppetid her hos oss, seier ho.
Hva er det beste med å være hotelldirektør?
– Det beste med jobben min er å kunne gi av meg sjølv og vere ein positiv del av andre menneske sine opplevingar. Kvar dag byr på noko nytt, og sjølv om det kan vere travelt, blir eg glad av å vite at eg kan vere med på å gjere ein forskjell i kvardagen til dei som kjem til hotellet, seier Hjelle Roset.
Og når nokon spør ho om korleis ein vanleg dag ser ut for ho, tenkjer ho at ingen dag er lik.
– Det synest eg er skikkeleg kult, avsluttar ho.