IDYLL: Hotell Geiranger ligg heilt i vasskanten inst i Geirangerfjorden, har 150 rom og fjordutsikt over verdsarven.

Havila Hotels kjøper Hotell Geiranger

Havila satsar vidare på hotell og kjøper Hotell Geiranger. Dermed har Havila Hotels fire hotell på Nordvestlandet.

Publisert

Hege Sævik Rabben frå Havila Holding vert styreleiar i det nye selskapet. Ho seier dette var ei mulegheit dei måtte gripe.

– Det er ikkje ofte ein får sjansen til å ta over eit veldrive hotell med ein sunn økonomi som attpåtil ligg midt i eit turistmål som Geiranger.

Sævik Rabben seier dei frå før har ein god reiselivsakse mellom Fosnavåg, Ørsta og Hornindal der dei kan tilby fjell, fjord og fjøre.

– Med kjøpet av hotellet i Geiranger styrkar vi denne aksen og forventar å oppnå gode synergiar mellom hotella noko som vil vere positivt både for dei besøkande og hotelldrifta.

NB: Saken fortsetter under bildet.

Havila eit rett val

ENIGE: Tore Sævil Haldorsen (Hotell Geiranger) og Maud Haldorsen (Hotell Geiranger) saman med Hege Sævik Rabben (Havila Holding) og Gunther Dahler (Havila Hotels)

Det er familien Haldorsen som etter 30 år i Geiranger no sel Hotell Geiranger til Havila Hotels. Etter 30 år med pendling mellom Bergen og Geiranger ser avtroppande administrerande direktør, Tore Sævil Haldorsen, fram til rolegare dagar.

  • Vi trur at Havila Hotels er eit godt val både for hotellet og Geiranger som reisemål.

Maud Haldorsen, noverande hotellsjef, har jobba for auka fokus på «grøn» turisme og meina dette er ei historisk begivenheit for Geiranger. Maud og sambuaren Geir Ove Hansen (økonomisjef) skal hjelpe Havila Hotels i ei overgongsfase. Vidare gler paret seg til å satse på nytt i Bergen.

Viktig brikke i Havila-satsing

Reiselivssjef i Havila Hotels AS, Gunther Dahler, seier dei tek over eit hotell som både har god lønsemd og god marknadsposisjon, og at dei ønskjer å bygge vidare på det familien Haldorsen har bygd opp.

– På sikt er det eit mål å utvide drifta og forlenge sesongen i begge endar, men det vil verte gjort gradvis ut frå erfaringane vi gjer oss.

Havila Hotels eig frå før Hotel Ivar Aasen i Ørsta, Havila Hotel Raftevold i Hornindal og 45 prosent i Thon Hotel Fosnavåg. Gunther Dahler seier at dei med hotellkjøpet i Geiranger og dei fire hotella på Nordvestlandet no er godt etablerte innanfor det mest attraktive området i reiselivs-Norge.

– Det er også det området som har største potensial i åra framover, og med hotell i Geiranger har vi fått på plass ein viktig brikke i reiselivssatsinga Havila har både på land og sjø.

Geir Lundkvist og Anders Vatne, hotellmeglarar i Hotelia, har bistått prosessen.

Powered by Labrador CMS