Får unntak frå krav om etablerarprøve
-Etter mi meining er det viktig å leggja til rette for eit så smidig system som mogleg innafor dei rammene som blir gitt i Serveringslova. Så lenge kandidatar ved Norsk Hotellhøgskole dokumenterer relevante kunnskapar gjennom eksamen, bør det vera unødvendig å dokumentera dette på nytt ved å ta etablerarprøven, seier Brende.
Norsk Hotellhøgskole har teke kontakt med Nærings- og handelsdepartementet med spørsmål om å bli godkjend, slik at studentane i gitte fagkretsar ikkje treng å ta etablerarprøve i kommunen.
På bakgrunn av kriminalitetsutviklinga i serveringsnæringa er det retningsliner i Serveringslova som skal sikra forsvarleg drift. Blant anna må alle serveringsstader ha ein godkjend styrar med dokumentert kunnskap i økonomistyring. For å bli godkjend må styraren i tillegg ha kunnskap om Serveringslova, skatte- og avgiftslovverket, rekneskapslovverket, konkurslovverket, Arbeidsmiljølova og Alkohollova. Etablerarprøven er ein metode for å dokumentera denne kunnskapen.