Ny hotellsjef i Hornindal
Jens Brokmann og Petra Wieth er nye eigarar av Best Western Raftevolds Hotel. No blir det heimelaga kaker og anna lokal mat på hotellet,som fyller 145 år. Fokuset framover er å utvikle seg som samfunnshotell.
Jens Brokmann (30) er ny direktør og eigar av Best Western Raftevolds Hotel. Medeigar er sambuar Petra Wieth (32).
1. januar kom det eit skifte i hotellhistoria i Hornindal. Gjennom fire generasjonar har familien Raftevold drive hotellet. Men no er det sambuarparet Jens Brokmann og Petra Wieth frå Tyskland som står ved roret. Dei gjorde sunnmøringar av seg allereie for fem år sidan i Brattvåg, men bur i dag i Hornindal.
-Vi har eit godt forhold til dei tidlegare eigarane som ofte kjem innom, fortel dei to.
Nominert til bransjens «Oscar»
Brokmann er allereie i år heidra for sin innsats med hotelldrift. Han har 15 års erfaring frå hotellbransjen i inn- og utland. Og har vist til gode resultat. For det blei han nominert i det som uformelt kan kallast reiselivsbransjens «Oscar», nemleg HSMAIs prisfest. Berre sju kandidatar vart nominerte der to vann utmerkinga «Årets unge leder» og «Årets unge hotelíer».
-Eg er stolt av det, og det er veldig hyggjeleg å bli sett pris på. Eg har fått eit flott diplom, seier tyskaren på flytande norsk.
Han og sambuaren er utdanna kokkar. Det var slik det heile starta då dei kom til Norge for åtte år sidan. Så eskalerte stillingsnivået raskt. Brokmann blei kjøkkensjef for Choice Quality Hotel Ringerike, deretter Food & Beverage Manager for First Hotel Atlantica, tidlegare Havly Hotell Ålesund. Den tyske nykomlingen heldt fram å levere gode resultat. Det førte til nok eit opprykk, denne gongen som hotelldirektør i Best Western Sunndalsøra Hotell der han gjorde arbeidsmiljø om frå verst til best i Norlandia kjeden. I tillegg jobba han som dagleg leiar for Best Western Horten Hotell og Horten Cateringdrift, og seinare som driftssjef for Best Western Gardermoen Hotell.
-Då pendla eg frå Sunnmøre, medan Petra tok over stillinga eg hadde som Food & Beverage Manager i Ålesund, fortel han.
Eit livsverk
Men no er dei altså i Hornindal. I år er hotellet 145 år. Det vert markert med ein eigen tilbodsmeny.
-Det er veldig koseleg å få drive eit distriktshotell, meir spennande enn byhotell. Det å få kontakt med lokalbefolkninga. Vi vil først og fremst utvikle oss som samfunshotell. Stå til teneste, by på kafé, bespisning og aktivitetar som dans. Eg har drive flyplasshotell og det er mykje meir upersonleg med nye gjester inn og ut kvar dag, seier han.
Paret synest Hornindal er spennande og at hotellet er flott og tradisjonsrikt. Opninga av Kvivsvegen i september, trur hotelldirektør-en kan gi ringverknader til næringslivet i bygda.
-Å drive hotell er lange arbeidsdagar. Det er ingen 8 til 4 jobb. No har vi samla masse forskjelleg erfaring og lokaliserer oss på ein plass. Dette skal bli vårt livsverk, seier han.
Planane framover blir satsing på tradisjonsmat med råvarer frå lokalområdet. All mat skal vere heimelaga. Samt at frukosten skal utvidast.
-Alt er like godt. Det seier eg alltid. Min sambuar er kjøkkensjef. Her blir det ingen kjøpe-kaker, understrekar han.
-Det er gulrotkaka som er best, skyt kjøkkensjefen inn med eit smil.
Tek vare på tradisjonar
Dei skal og utvikle eigen kaffiblanding i samråd med eit brenneri i Trondheim. Den vil kvernast og seljast, samt serverast på hotellet. Kvar søndag blir det sosakjøt. Som det alltid har vore.
-Vi vil bevare tradisjonane så godt vi kan. Ein del av dei 44 romma skal pussast opp, men behalde den heimekoselege stilen.
Andre planar er å tilsetje lærlingar, ein kokkelærling og ein til resepsjonistfaget.
«Raftevolds hotell» står det elegant skrive i den gamle fløya. Skrifta og namnet blir utheva i den nye logoen saman med ei brylllaupskrone i tillegg til kjedenamnet.
-Her skal vi by på god gammaldags gjestfridom. Ein skal ha ei god hotelloppleving og kjenne seg som gjest. Prissett, teke vare på og få god mat. Sjølv føler vi oss godt tatt imot her i Hornindal, smiler 30-åringen. Vi gler oss veldig. At vi har valt å kjøpe, gjer at vi får eit heilt anna eigarskap til hotellet.
