Satsar på romersk badehus

Publisert Sist oppdatert

Terapibassenget har også kunstig foss, som skapar eiga stemning i badehuset.

 ,

 ,

NORDFJORD. Tross spådommar om sviktande turisme, satsar Nordfjord Hotell for fullt. Dei har nyleg totalrenovert over halvparten av romma, samt alle bad, og bygd ny konferansesal for 300. No står også eit nytt badehus klart med eiga spaavdeling.

Hotelldirektør Eli Førde Aarskog viser stolt rundt i det nye badehuset med romersk stil. Det blir det første offentlege anlegget i Nordfjord med universell utforming. Då vi var innom var det berre vatnet som mangla i det nye terapibassenget, men det skulle fyllast nokre få dagar etter.

Den største satsinga til hotellet ligg nettopp i kjellaren - med ei heilt ny spa- og treningsavdeling fordelt på 700 kvm.

Det nye terapibassenget på 40 kvm får også montert heis for rullestolbrukarar. Kraftig lysdyse og kunstig foss, i tillegg til romerske søyler gjer sitt for å skape stemning. Her vert vatnet skifta ut tre gongar i timen.

– Dette vert ikkje eit folkebad, for vi driv ikkje aktiv helsepolitikk. Men mange mødre har spurt oss etter babysymjing, og det set vi i gang med veldig fort. Dette er ikkje eit badeland, men eit badehus, presiserer ho.

Fjordvarme

Hotellet er no kopla til fjordvarme som mellom anna gir billegare oppvarming. Fjordvarmesatsinga på Nordfjordeid mogleggjer satsinga deira.

– Norske hotell arbeider no for å bli miljømerka. Rica skal svanemerke over 80 hotell, og vi har lyst å kome skikkeleg i gang med det. Satsinga på fjordvarme gir oss mange poeng i så måte. Fjordvarme har gitt oss dyrare investering, men vi kunne ikkje har brukt så mykje energi og vatn utan å vere kopla til fjordvarme, seier hotelldirektøren.

Mangelvare

Varmt bassengvatn er mangelvare. No satsar Nordfjord Hotell i kategorien helse/velvære, og meiner det er svært mange som har behov for å trene i varmt vatn.

– Mange treng opptrening etter operasjonar, ulykker og idrettsskadar, eller om du er revmatikar. Vi satsar også inn på bedriftsmarknaden og det offentlege som har høgt sjukefråvær. Det må vere i deira interessa å få trena opp sine tilsette for å få dei raskt i arbeid igjen, seier ho.

– Vi veit ikkje kor stor interesse det blir, men vi har tru på ein stor marknad, seier ho. Og i samband med nybygd konferansesal med plass til 300 lanserer dei ”sprek konferanse” - ein kombinasjon av konferanse, trim og bruk av det nye badehuset.

Utfordring

Største utfordringa har vore å gjere om 70-talsbygget så rullestolbrukarar kan nytte bygget. No får hotellet etterlengta heis, ramper og store garderobar tilpassa rullestolbrukarar.

– Ombygginga har kosta mykje pengar, men det har ikkje vore kjekt å stå her i tretti år og avvist rullestolbrukarar. Det har vore håplaust å ikkje ha høve til å ta imot også dei, seier Førde Aarskog.

70-talshus er fulle av nettopp store betongsøyler. No er søylene omgjort og blitt flotte romerske søyler, som set sitt preg på anlegget.

– Her i badehuset ønskte vi å ha det varmt og bli minna om Middelhavet, i staden for kaldt og minimalistisk, seier ho. Hotelldirektøren fryktar ikkje at det vert for mange spa-anlegg å konkurrere imot.

– Kvart anlegg har sitt særpreg, vårt er i romersk stil, seier ho som også er nøgd med den spanske Patioen som kjem.

Tida var overmoden for å investere, tross finanskrisa.

– Det er når det går nedover ein skal førebu seg på oppturen, for den kjem. Vi har godt renommé, no stiller vi med nytt produkt. Vi blir å rekne med.

Frå isdusj til sauna

Fire behandlingsrom for spa står klare.

– Vi har ein liten, men anstendig spameny som ein kan få oppleve heile veka. I saunaavdelinga finn ein både tyrkisk bad, isdusj, finsk sauna, infraraud badstue, badestamp ute og vedfyrt sauna.

– Her kan ein ha ganske mykje moro når ein tar denne løypa, smiler ho.

Hotellet har også nybygd konferansesal med imponerande engelske lysekroner. Lysekronene i ekte krystall har allereie imponert mang eit brudepar.

– Vi har selt meir bryllaup for neste år enn dei ti siste åra til saman, smiler ho.

Konferanseavdelinga kan delast i tre, slik at ein kan ha tre mindre selskap/møte gåande samtidig.

– Dette gir oss fleirbruk av hotellet, noko som er avgjerande for eit småhotell på landsbygda, seier ho. Konferansesalen er topp moderne med alt av tekniske utstyr i moderne standard, og fjordvarme gir høg komfort med god ventilasjon og varme. Her hadde dei også 4.000 cruiceturistar på kaffi sist sommar, og når dei fekk skrytevideo av Nordfjord på storskjerm her er det heilt stille.

Thumbnail Image: