Petrines Gjestgiveri byr på Verdsarvmat til tyske gourmet-journalistar
Presseturen er arrangert i samband med den store matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin, frå 18. - 28. januar 2008. Petrines Gjestgiveri og TIND Spekevarer AS skal også representere Vestlandet på den Norske standen i Berlin. I tillegg vil Petrines Gjestgiveri vere med og marknadsføre Norsk Bygdeturisme og Gardsmat.
Internationale Grüne Woche er Landbruks- og Matdepartementet si viktigaste internasjonale satsing for å gjere norsk mat og Norge som reisemål kjent i Tyskland. Det er venta ca 500 000 besøkande, og det er 1700 utstillarar frå meir enn 60 land.
Historia hevar matopplevinga
På Petrines Gjestgiveri vil dei tyske journalistane få servert ein lunsjbuffet med både kjekjøt og andre lokale spesialitetar. Det forpliktar at Petrines har fått Ganefartprisen, seier Kirsti Indreeide som gler seg til å servere lokal mat både til tyske journalistar i Norddal og til det tyske publikum i Berlin.
Sidan det meste av maten vi serverar er både produsert og vidareforedla av gardbrukarar i ”The Happy End - Norddal”, er det også naturleg å fortelje historia om maten vi serverar. Når naturen, kulturlandskapet og mattradisjonane vert sett i samanheng, vil gjestane få ei betre oppleving å ta med heim.
Norddal satsar på verdsarv og geoturisme
Dei naturgitte tilhøva ligg svært godt til rette for å utvikle reiselivet i Norddal basert på geoturisme. Norddal Kommune støttar difor aktivt opp når Petrines Gjestgiveri legg i veg til Berlin med Verdsarvmat som niste. Medan vertinna på Petrines freistar det tyske publikum med lokale spesialitetar og fargerike brosjyrar, vil ordførar Bjørn Inge Ruset være meir oppteken av å marknadsføre kommunen generelt.